Nynorskklasser i grunnskulenPå Sagene skole finst det frå fleire år tilbake nynorske parallellklasser. Vi gjer merksam på at sjølv om du har skrivi inn son/dotter i første klasse frå hausten 2005 utan å kryssa av for nynorsk, er det råd å endra på dette mest heilt fram til skulestart. Med mange nok interesserte er det høve til å skipa nynorskklasser også andre stader enn på Sagene, til dømes på Majorstua. Ved lang reiseveg vil ein vurdera spørsmålet om hentebuss. Føremonar med nynorskOm ein får grunnopplæringa si på nynorsk, syner alle undersøkingar at norskkarakterane i vidaregåande vert betre. Ein får korkje problem med hovudmal eller sidemålet. Dei som har nynorsk som hovudmål, vert minst like gode i bokmål som bokmålselevar og dei får ingen problem med å skriva korrekt nynorsk slik dei fleste på Austlandet har det. Med dugleik i nynorsk vil ein oppleva opning til heile den norske litteraturen; ein vil ikkje ha problem med å lesa korkje Vinje, Duun eller Jon Fosse – for berre å ta nokre viktige namn. Ein vert fullt kvalifisert for tilsetjing i statstenesta der det ofte kan skorta på nynorskskrivande. Heile landet opnar seg òg for ein, ein vil lettare skjøna dialektar og målbruk kringom i det vidtrekte Noreg. Ein kan til dømes mora seg over ein vossastubb utan å få tredje kvart ord forklart. Og ein kan ta seg arbeid kvar som helst i landet, også i typiske nynorskkommunar. Dessutan syner det seg at nynorskklassenen i Oslo byd på trygt og godt miljø. Gruppene vert ikkje for store og kvar elev får kan henda betre oppfølgjing enn i større, uoversiktelege grupper. Om ein vel nynorskklasse i grunnopplæringa, tyder ikkje det at ein ikkje står fritt i val av målform seinare i utdanninga. Nynorsk er såleis på ikkje ein hemsko, men heller ein føremon. Ta kontakt i dag med ansvarleg for vidare oppfølgjing når det gjeld innskrivingsprosedyren:
ingar.arnoy@nm.no
eller telefon: 22 47 71 00
|
|