Vikværingen er eit fylkesmållag i Noregs Mållag, og arbeider for å fremje nynorsken og dialektane. På desse sidene finn de meir informasjon om laget og arbeidet vårt.

Oppgåvene til fylkesmållaget

Formålsparagrafen til laget lyder slik: «Mållag i Oslo, Akershus og Vestfold samarbeider i fylkesmållaget Vikværingen om å gjera den norske målreisingstanken til røyndom».

Vikværingen meiner at nynorsk høver over heile landet, også i Oslo og på Austlandet elles. Vi prøver difor å leggje til rette for at nynorsken skal nyttast over alt.

Bli medlem av målrørsla, du òg!

Vil du bli medlem av målrørsla, bør du ta kontakt med Vikværingen, Noregs Mållag eller med lokallaget ditt. Av kontingenten går noko til Noregs Mållag sentralt, noko til fylkesmållaget og resten til lokallaget.

Som medlem får du:

  • Medlemsbladet Norsk Tidend fire - fem gongar i året
  • Tilbod om kurs og konferansar
  • Rabatt på Det Norske Teatret og lagsbruka (t.d. ei rekkje bondeheimar og kaffistover rundt i landet).

Les meir om:
Nynorskklasser i grunnskulen

Meny